Fra arkivet: JEGBORHER presenterer (proudly): Kjersti Rorgemoen

rorgemoen_kjersti_largeBokhausten – ein kan vel ikkje akkurat seie at den nærmar seg. Men den finst der like fullt, eit par blad lenger fram på kalenderen. Og inne i dei tilsynelatande fredfulle forlagshusa pågår det akkurat no ein hektisk sluttspurt for å få alle haustmanusa ferdig klipt og vaska før dei skal sendast vidare til produksjon. Kjersti Rorgemoen (f. 1982 i Øyfjell i Vinje) er ei av dei som i desse dagar legg siste hand på debutboka si, «Purkene snudde seg», som kjem ut på Kolon til hausten. Kjersti har tidligare skrive reisebrev for Dag og Tid, og var dessutan ei av jentene bak «Ikke til hjemlån» som kom ut på Samlaget i fjor (og som kan anbefalast, på eit vis). No er ho klar med si eiga novellesamling, og eg, tabloid som eg er, utropar ho allereie til haustens beste debutant. Kom, la oss gå og helse på henne.

RFH: Kva slags bok er det du debuterer med, Kjersti?

KR: Det er ei samling med noveller, som heng saman på det viset at alle tekstane har den same hovudpersonen. Dette er ei 42 år gamal dame som eig ein hund. Hunden heiter Sonja.

RFH: Noveller, ja – du våger deg ut på den galeien sjølv om novella til stadigheit kritiserast og blir erklært som død? Kva skal ein seie, eigentlig, til slikt? Blir ein provosert og lei seg som novelleforfatter, eller tenker ein meir sånn: Fuck dei der bokklubbhorene, eg skal vise dei kva litteratur som lever og ikkje lever, eg?

KR: Eg har ikkje planer om å utføre nokon vendetta mot folk som synst dei ser at novella har døydd. Eg er ikkje så opphengt av sjangrar, som om dei skulle vere standpunkt eller kampsaker. Eg let skrivinga ta form av seg sjølv til å byrje med, og etterkvart fann eg meg ein slags formel som eg kunne bruke. I starten tenkte eg sågar at det skulle bli ein roman, men måtte etterkvart innsjå at eg er betre på korte strukturar. Og kanskje det heller ikkje er så ekstremt novellete, det eg har gjort, kanskje det istaden bør kallast ein serie med essayanekdotar.

RFH: Litt om skriveprosessen; er det ei bok du har jobba lenge med, bit for bit liksom, eller kom det meir i løpet av ein kortare, meir konsentrert raptus?

KR: Nokon raptus kan eg ikkje hugse å ha vore inne i. Eg starta med boka rett før eg leverte masteroppgåva mi, og det kjendes med det same svært frigjerande å kunne vere dum og vågal i skrift igjen, ikkje bare framstå som ein pseudoakademikar og ta alle førehandsreglar før kvar bidige setning. Så kanskje kom eg i ein liten raptus likevel. Men den tok raskt slutt, og skrivinga fortsette med uregelmessige musesteg. Eg fekk stadig sms frå redaktøren min der det sto «Skriver du??», som regel på laurdagskveldar, og det var kanskje desse som oftast jaga meg til skrivebordet.

RFH: Kan du nemne noen forfattarar som har vore viktige for deg?

KR: Desse kan eg vel i farten og med sikkerheit fastslå har gjeve meg viktige lesaropplevingar: Aasmund O. Vinje, Kjell Askildsen, Tormod Haugland, Tarjei Vesaas, Ole Lund Kirkegaard, Knut Hamsun, Roald Dahl, Ludvig Holberg og Dag Solstad. Ops, bare menn. Jaja, ein treng vel ikkje kjønnskvotere interessene sine. Og så er det sjølvsagt nokre forfattarar som er viktige fyrst og fremst fordi eg har treft dei og kjenner dei, som til dømes den morosame Agnes Ravatn.

RFH: La oss snakke litt om dette med begynnelsar. Noen forfattarar er jo litt meir pompøse rundt dette enn andre (Frode Grytten debuterte t.d med boka «Start», mens Øyvind Rimbereid like godt kalte debutboka si for «Det har begynt»), korleis ser du på dette? Er det ein ny epoke i livet som startar no? Forfattaren Kjersti Rorgemoen?

KR: Eg anar ikkje. Eg har aldri turt eller hatt evne til å sjå særleg langt fram i tida, slik som til dømes Øyvind Rimbereid, vår tids Nostradamus. Han føresåg jo som kjent finanskrisa i den siste diktsamlinga si. Om nokon likar boka mi, får eg sikkert lyst til å skrive meir. Og viss eg blir slakta eller ignorert, finn eg sikkert på noko anna. Bare synd eg har så dårleg fantasi, for eg veit ikkje heilt kva dette skulle blitt. Men då kan eg jo oppsøkje Øyvind og få han til å spå framtida mi i kaffigrut.

RFH: Det er alltids ein muligheit. Men apropos «forfattaren»; du har jo strengt tatt allereie ei utgiving bak deg – som ein del av, kva skal ein kalle det, banden, bak fanzineboka «Ikke til hjemlån» – og dermed har du vel i alle fall kunna kalle deg ein fjerdedels forfattar ei stund. Korleis gikk det med den boka, eigentlig, no sett i ettertid? Kan du fortelje litt om den?

KR: Det gjekk bra det! Me tente rundt 700 kroner kvar og det rakk til ei ny bukse. Det var hyggeleg å få det utgjeve som bok altså, men den største moroa var eigentleg over på det tidspunktet. Det beste med Ikke til hjemlån, synst eg, var kveldane då me sat og teikna, klypte, limte, drakk øl, skreiv og kopierte og lo oss skakke av kvarandres tidvis innovative vitsar. Det var også kjekt å pile rundt i Bergens uteliv med ei bunke nykopierte fanziner i veska, vere parasittar på seriøse arrangement og prakke bladet på personar me likte, men ikkje turte å snakke med. Ein slags sosial brukskunst, kan ein kanskje kalle det.

RFH: Dedikerte fans hugsar deg kanskje også som kvinna bak den myteomspunne kult-teikneseria «Mitt liv var klump», der Jolespesialen frå, når var det, 2005?, var eit av høgdepunkta. Eit par striper var vel óg på trykk i Kraftsentrum eller Syn og Segn, om eg ikkje hugsar feil. Driv du framleis med slike ting?

KR: Ikkje medvite og aktivt. Men eg har alltid drive og teikna i margar mens eg tenker på andre ting. «Mitt liv var klump» var eigentleg bare eit nedskribla sitat frå ein sein kveld og nokre skrotete teikningar som på eit ganske tilfeldig vis hamna på trykk, fyrst i Tekstar 2, SKA-antologien vår, og deretter i Kraftsentrum. Eg har aldri hatt noko brennande ynske eller tru på at eg skal ende opp som teikneseieskapar.

RFH: Det stemmer jo at vi gikk på Skrivekunstakademiet saman i 2004-05, og mykje kan sikkert seiast om det, men om ein ser tilbake på det no, alle desse åra etter (som det følest riktig å kalle det), korleis vil du seie at det året har verka inn på deg som forfattar? Hadde du hatt bok til hausten om du ikkje hadde gått på SKA?

KR: Sei det. Det var fint å vere student på SKA, og eit privilegium å få dyktige lesarar sine blikk på eigne tekstar gjennom eit heilt år. Eg følte all nærlesinga me dreiv med gjorde meg til ein nøyare lesar enn det universitetet til då hadde skikka meg til. Eg trur det er sterkt fordelaktig viss ein strevar mot å lese seg sjølv med litt distanse, prøvar å observere og vurdere sitt eige produkt. Men ein kan nok også bli veldig kritisk av å prøve på dette, og få ein sterkare vilje til å stryke enn til å skape. Eg hadde ikkje så lyst til å skrive då året på SKA var omme, det var meir fristande å vende tilbake til UiB og gjere noko fornuftig i staden. Kor fornuftig det er å gå der kan sikkert også diskuterast.

RFH: Hehe, absolutt. Men for å seie litt meir om Skrivekunstakademiet; du heng jo framleis rundt der nede på Verftet, i følgje heimesidene deira er du tilsett som kontorfullmektig (vikar). Korleis er dagane der no? Synest du akadmiet har forandra seg, i og med at Olaug sitt første år som akademileiar no går mot slutten?

KR: Dagane er lange og svarte. Neidå, eg tullar. Akademiet endrar seg vel kvart år, i takt med kva for nokre studentar som trør rundt i lokalet, og kva for nokre lærarar som er innom. Eg trur ikkje leiarskiftet har ført med seg så kolossale endringar enno. Akademiet er vel fyrst og fremst den undervisninga og tekstverkstaden som føregjeng inne i klasserommet, og der er jo ikkje eg. Det einaste eg gjer der er å vatne plantene, turke tavla og smette inn nokre kopiar i ny og ne. Det var ein hyggeleg jobb då Tormod var sjefen, og det er ein hyggeleg jobb når Olaug er sjefen.