Ein ny start

For mange er David Aasen kjent som tiltaksam forlagsredaktør i skjønnlitteratur på Samlaget, ein god del færre hugsar han kanskje som medstiftar og redaktør i tidsskriftet Ratatosk, men stadig fleire legg merke til dei slåande fotografiane som stadig dukkar opp på kontoar han administrerer i sosiale medium. I 2017 publiserte vi ein serie av bilda hans i tidsskriftet Beijing Trondheim #5, og no har han sjølv gitt ut si første fotobok. Dette er ei vakker, handsydd bok som er ute i eit eksklusivt opplag på 80 eks. Vi var heldige nok til å få tak i ei – og sendte David nokre spørsmål tilbake.

– Du er ute med fotoboka «Observations and dreams», kan du fortelje litt om korleis ho kom til?
– Dei siste fire-fem åra har eg fotografert ein del på fritida, og etterkvart har ein stil eller ein tone gjort seg gjeldande. Eg oppdaga også verdien av eit langsiktig arbeid, til dømes korleis eit bilde frå 2014 får relevans først når det blei plassert ved sida av eit bilde frå 2018, korleis mønster blir synlege og speglingar oppstår mellom motiv. Eg ville undersøke om det var muleg å plassere delar av dette materialet i ein kontekst. Og etter at dotter mi blei fødd i august fjor, fekk eg eit par bilde som kompletterte eit utval og gjorde publisering relevant for meg. Det blei ei bok om ein ny start, eit nytt liv.

– Korleis har du jobba med samanstillinga av materialet i boka? Som redaktør for skjønnlitteratur, korleis vil du samanlikne prosessen med t.d. det å jobbe fram ei diktsamling?
– Når ein sit der med eit stort materiale som ein må kaste om på og kutte i, så vil eg seie at det liknar veldig. Materialet består av klare glimt og bilde, som ein må hekte på ein mindre synleg tråd. Ein må balansere poesi, humor og andre element forsiktig opp mot kvarandre. Eg har jobba med dramaturgi og oppslag, og det er ikkje alltid at dei «beste» bilda får plass; ofte skapar vage og anonyme bilde ein meir uventa og mindre påtrengande dynamikk. Eg avgrensa boka til 30 foto, og har dermed fått kjenne på dette med «kill your darlings». Eg har sortert vekk, flytta rundt, tatt ut, tatt inn igjen, heilt til eg enda opp med ein komposisjon eg var nøgd med. Så blei boka trykt, og no ser eg sjølvsagt kva eg ville gjort annleis, hehe.

– Angåande trykk, så er gitt ut på Slow Fire Press – ditt eige einmannsforlag – som det har vore stilt frå sidan utgivinga av Brenda Coultas’ «Ein sommars filmavis» i 2008. Er dette ein ny start for forlaget, vil du seie, og i så fall: Kvifor akkurat no?
– Eg likar tanken på å ha eit fleksibelt «forlag» som eg kan bruke til det eg vil, ein kanal for å gi ut ting når dei måtte dukke opp, om det så går eitt år eller ti mellom kvar utgiving. Det begynte med gjendikting, no er det foto, kanskje blir det noko anna neste gong. Utgivingsfrekvensen kunne gjerne vore hyppigare, men har ikkje kapasitet med full jobb og alt. Eg har imidlertid nokre idear som eg håpar kan bli realisert, gjerne før ti nye år har gått. Kort sagt: Litt tilfeldig at det blei akkurat no, men ja, kanskje ein ny start?

– Korleis starta interessa di for fotografi? Har du nokre forbilde?
– Eg har eit tidleg minne frå det provisoriske mørkerommet til far min i leilegheita vår i Nödinge i Sverige, der eg vaks opp: eg var kanskje fire eller fem. Eg hugsar lukta frå framkallingsvæska og det raude lyset han jobba i – og magien da fotoa blei til. Han slutta med framkalling etter at vi flytta til Norge, så dei svartkvite bilda frå denne perioden har betydd mykje for meg, både som ein måte å forstå min plass i verda på, og som eit eksempel på korleis ein kan skape ei forteljing gjennom foto. Konseptet familiealbum er heilt sentralt for mitt eige arbeid. Eg har base i det heilt nære, og arbeider ut derfrå: Ein personleg mytologi som må bli gjort allmenn.
        Eg innbiller meg at «Mørkerommet» har ligge lagra i meg som ein slags interesse eller inspirasjon, og at eg gjennom arbeidet søker tilbake til dette, eller kanskje forsøker å repetere noko. Det slår meg at det fysiske arbeidet med å brette boksider og trådbinde bøker for hand kanskje er ein kompensasjon for at eg ikkje fotograferer analogt og framkallar sjølv, slik far min gjorde. Nærleiken til prosessen. Eg likar tanken på å samle bilde gjennom lengre tid, for så ein dag å hente kasser med uferdige fotobøker på trykkeriet, som må ferdigstillast ved kjøkkenbordet om natta. Og til slutt sende desse med posten, pakka i konvoluttar, til kjente og ukjente. Eg er nok opptatt av at bilda mine ikkje berre blir sett, som digitale spor, men at dei også kan bli tatt på og lukta på.

Når det gjeld konkrete førebilde, så oppsto interessa mi for fotokunst først etter at eg hadde fotografert ei stund. Eg gjekk jo berre rundt og knipsa, øvde opp eit blikk. Men i dag er eg sjølvsagt fascinert av andres fotoarbeid. Nokre av dei eg har hatt glede av den siste tida, er Linn Pedersen, Marie Svindt, Carl Oliver Ander, Katinka Goldberg, Petter Buhagen, Ingri Haraldsen, Jessika Thörnqvist og Kim Ramberghaug. MELK Galleri er ein stad eg går for å hente inspirasjon, det same er fotoavdelinga på Tronsmo, og ikkje minst på Instagram.

– Kva er ambisjonane vidare med foto? Du nemnde at du har begynt på eit nytt bokprosjekt…
– Eg har materiale nok til to små bøker til, men håpar eg får høve til arbeide med eit heilt nytt prosjekt på sikt. Boka mi har fått positiv respons, og det gir inspirasjon til å halde fram. Det betyr mykje at andre har glede av det eg held på med. Det hadde vore fint å laga ei meir proff fotobok, men fotografi er som sagt eit langsiktig arbeid, ein kan ikkje tvinge det fram. Så inntil vidare knipsar bilde der eg går, og syr små bøker på kjøkkenet – så får vi sjå kva som skjer.

Følg David sin instagramkonto @david_aasen. Boka «Observations and dreams» kan m.a. kjøpast på Tronsmo og Babel Bok.

Publisert
Kategorisert som Bøker