RE: Spørsmål til ny nettside

Vi mottok nyleg denne vesle boka, der eit utval av Ragnar Hovland sine e-postar til kollegaene i Samlaget i tidsrommet 2000-2009 er samla. Med stor glede las vi gamle nyheiter frå Luster, soga om dei to finansrådgivarane frå Fokus Bank og utvikla mykje empati for den melankolske fråværsassistenten. Vi merka oss dessutan den store testen av norske byar, der Trondheim ikkje uventa knuste Sandefjord på dei fleste område, inkludert kategorien «katedralar» (hah!). Hovlands E-post i utval er ei av bokhaustens små perler. Vi sendte han sjølvsagt ein e-post.

– Med denne samlinga skriv du deg inn i ein slags litterær tradisjon, der den rutineprega kvardagen fører til ei kreativ oppblomstring, eg tenker m.a. på korleis fleire av tekstane til Pessoa i «Uroens bok» spring ut av det grå kontorlandskapet. Kva er det med arbeidsplassen som løyser ut ei slik skrivetrang?
– Her kan eg nok berre svare for min eigen arbeidsplass. Arbeidet der var til dels interessant, men også kjedeleg og rutineprega. Og med til dels interessante og morosame kollegar. Og eg innsåg at eg her hadde eit potensielt publikum på rundt 50 menneske. Noko ein jo elles aldri kan vite når ein skriv. Og det var mange underlege bøker i hyllene og eit vindauge mot verda der ute. Alt i alt svært inspirerande forhold for e-postmonologar.

– Det er dårlege tider for tradisjonell brevveksling blant norske forfattarar, og det å gi ut e-postar i samling er vel noe fleire lenge har fabla om i halvt alvor på seine kveldar. Så langt har det blitt med tanken. Korleis kom denne samlinga i stand – er den noe du har sett for deg lenge? Og kva skil e-posten frå den meir etablerte brevsjangeren?
– Denne samlinga har eg eigentleg lite ansvar for. Det var litterær avdeling på Samlaget som fekk føre seg at dei ville lage bok av eit skjønnsomt utval. Eg var berre med på ei siste sortering. Og eg hadde aldri sett føre meg at det skulle bli bok av dette (sjølv om eg hadde samla på ein del av tekstane). Om ein skal samanlikne med den etablerte brevsjangeren, så er det jo så mykje meir lettvint med e-post. Ja, kanskje for lettvint. Ein slepp dette med å setje på frimerke og gå i postkassen og tvile på om Posten klarer å få brevet fram. Og så kan ein få svar i løpet av få sekund, om mottakaren sit ved ein pc. Og det er sant. Det er ikkje ofte eg får tradisjonelle brev frå norske forfattarar. Eller frå andre, for den del.

– Din samlagskollega Agnes Ravatn har stått fram med sin internettavhengigheit og fortalt om korleis ho til slutt måtte slette profilen sin på Facebook for å få tid til å skrive. Har du på likande vis opplevd at e-posten har trua med å ta overhand, og er denne boka i så fall òg eit slags oppgjer med e-posten?
– Den er vel ikkje akkurat eit oppgjer med e-posten, men den er kanskje, her og der, ein parodi på e-posten. Eller ei påminning om at e-post kan brukast til så mykje meir. Og personleg er eg livredd for å gå inn på e-posten min. Eg fryktar at det er nokon som vil meg noko eller som skal purre på noko. Og det er det alltid.

– Til slutt: Dersom du no skulle ha komme i skade for å ha starta ein trend – kven skulle du gjerne ha sett e-postane til i bokform?
– Trur kanskje Steffen Kverneland kunne ha noko å by på.