RE: Spørsmål til ny nettside

Vi mottok nyleg denne vesle boka, der eit utval av Ragnar Hovland sine e-postar til kollegaene i Samlaget i tidsrommet 2000-2009 er samla. Med stor glede las vi gamle nyheiter frå Luster, soga om dei to finansrådgivarane frå Fokus Bank og utvikla mykje empati for den melankolske fråværsassistenten. Vi merka oss dessutan den store testen av norske byar, der Trondheim ikkje uventa knuste Sandefjord på dei fleste område, inkludert kategorien «katedralar» (hah!). Hovlands E-post i utval er ei av bokhaustens små perler. Vi sendte han sjølvsagt ein e-post.

– Med denne samlinga skriv du deg inn i ein slags litterær tradisjon, der den rutineprega kvardagen fører til ei kreativ oppblomstring, eg tenker m.a. på korleis fleire av tekstane til Pessoa i «Uroens bok» spring ut av det grå kontorlandskapet. Kva er det med arbeidsplassen som løyser ut ei slik skrivetrang?
– Her kan eg nok berre svare for min eigen arbeidsplass. Arbeidet der var til dels interessant, men også kjedeleg og rutineprega. Og med til dels interessante og morosame kollegar. Og eg innsåg at eg her hadde eit potensielt publikum på rundt 50 menneske. Noko ein jo elles aldri kan vite når ein skriv. Og det var mange underlege bøker i hyllene og eit vindauge mot verda der ute. Alt i alt svært inspirerande forhold for e-postmonologar.