– I pluss til sist

Ein av favorittforfattarane våre, Kjersti Rorgemoen, er endeleg ute med si andre bok. For debutboka, «Purkene snudde seg», hausta ho ei lang rekkje godord, og dette er no i ferd med å gjenta seg for den nye, «Håpet og festen». Årets bok handlar, slik det er formulert bak på omslaget, om «ein ubestemt skapning», nærare bestemt ei ung kvinne som arbeider på Fretex si makuleringsteneste i Bergen. Mange har fryda seg over utgangspunktet for nettopp dette arbeidet: «den ubrukelege utdanninga frå humaniora». Det er tydeleg at Kjersti rører ved noko akkurat her… Vi har lese boka og latt oss imponere av den særeigne blandinga av sjølvanalyse, skarpe observasjonar og pussige tankesprang som inngår i hovudpersonens «kvernande einetale», og som formidlast gjennom Rorgemoens imponerande finstilte språk. Kva tenkjer ho sjølv om den nye boka? Og er humaniora eigentleg i krise?

– Først ei slags avklaring: Debutboka di blei omtala som ei novellesamling, sjølv om enkelte også leste henne som ein roman – denne nye har ikkje noko sjangernemning på tittelbladet. Er du ute etter å skape forvirring, eller føretrekk du sjølv å ikkje tenke så mykje på dette med sjangrar?
– Det står roman på omslaget på den nye boka. Og på «Purkene snudde seg» sto det notat. Det var fordi boka inneheldt notata til hovudpersonen. Men nokon meldarar kalla det roman, andre kalla det noveller, andre kortprosa. Når eg skriv tenker eg ikkje på ein sjanger, ei form, og så prøvar å fylle innhald inn i den forma. Det er meir slik at eg skriv, og så tek det ei form. Så kan folk eventuelt henge seg opp i desse lappane og eventuelt bli forvirra.

– I «Håpet og festen» treff vi på ei kvinne i trettiåra som livet vel har stagnert litt for. Ho bur i studentkollektiv, trass i at ho for lengst er ferdig med utdanninga – og arbeider i makuleringstenesta til Fretex. Ho slitest litt mellom kjensla av å «skulle ha gjort noko med situasjonen», samstundes som ho bare «blir verande og verande». Er ho eit døme på ein ung, tiltakslaus person som er typisk for vår generasjon – eller handlar det meir om faktisk å vere nøgd med det ein har, og å motsette seg karrierejaget?
– Eg veit ikkje om ho er «typisk for vår generasjon». Ein ven av ho har slike typisk-den-generasjonen-meiningar, sjå fyrste kapittel. Han meiner at tiltaksløysa i generasjonen deira er eit klasserelatert problem. Det var ei meining eg ei gong høyrde, og eg synst det var ei komisk meining. Ein generasjon er jo eit heilt anna utsnitt av folkesetnaden enn det ei klasse er. Ein generasjon er alle dei som er i ein viss alder, og det er latterleg å t.d. kalle alle dei mellom tjue og førti år for tiltakslause eller at det finst ei felles klassekjensle der. Ein kan bli lam av å tenke for mykje på kva orda eigentleg betyr, men ein kan jo more seg med å sjå korleis folk slenger dei om seg. Men til spørsmålet ditt: viss ho var ein person som var nøgd med det ho har, ville ho ikkje kjent på stress og sorg når ho ser tidlegare avstandsforelskingar gå nygifte ut av Tinghuset eller motta beskjedar om at gamle vener er gravide etc. Og samstundes kan ho frå den låge posisjonen sin sjå med uhemma skepsis på det ho ikkje er del av.

rorgermoenhåpet_og_festenstor– «Sjølv hamna eg ikkje på Fretex fordi eg treng attføring, vern eller tilrettelagt oppfølging av noko slag, det einaste samfunnsmessige hovudbryet NAV hadde med meg, var den ubrukelege utdanninga frå humaniora», fortel hovudpersonen din i eit kapittel som utgjer eit tidleg høgdepunkt i boka. Er dette óg eit innlegg i humanioradebatten som rasa i avisene for ei stund sidan? Er humaniora i krise, slik du ser det – eller trur du at det finst håp for dei som har gitt seg i kast med desse studia i dag?
– Håp! Litt av eit ord. Eg håpar at det finst håp for alle som har studert humaniora. Det siste kapitlet eg skreiv heitte eigentleg «Håp og visse». Eg såg for meg at hovudpersonen har dei to orda slik som den engelen og djevelen ein ser på skuldrene til Donald Duck når han slitest mellom noko i ei vanskeleg avgjerd. Hovudpersonen håpar at den komande festen skal få noko til å skje, at tida skal opne seg, men samstundes veit ho at denne festen består av å sitje på nokre krakkar i lag med ein plaga nørd som ho tilfeldigvis bur med. Vissa held illusjonen nede. Men tilbake til spørsmålet ditt: eg veit ikkje. Den fyrste litteraturvitskapelege førelesinga eg hadde var med Atle Kittang, som jo var ein av dei som grunnla det faget her til lands. Han såg halvbekymra opp på det fullstappa auditoriet og sa at det var merkeleg at så mange ville studere noko så lite matnyttig som litteratur. Den konstateringa har eg kjend ein del på i etterkant, det skal eg innrømme.

– Den lett galgenhumoristiske tonen, samt hovudpersonens noko ambivalente forhold til sine medmenneske, kan ein kjenne att frå debutboka di, «Purkene snudde seg». Korleis vil du karakterisere hovudpersonen der, Magna Bekk, samanligna med hovudpersonen i «Håpet og festen»?
– Magna Bekk er litt eldre, litt meir lutrygga, meir nervøs for å treffe folk. Ho er nok i større grad ein figur. Denne gongen tenkte eg meir på kvar personen snakkar ifrå, på kva som avgrensar verda hennar og dermed kva det er sannsynleg at ho kan seie. Ho har ikkje noko namn og utsjånaden er ikkje avgjerande. Ho er ei sjakt av påstandar, kjensler og tankar og eit punkt for observasjon.

– Den berykta poeten Erlend O. Nødtvedt var nylig på besøk i Trondheim, og fortalte meg at han hadde lese heile boka di i løpet av flyturen frå Bergen – ei reise som tar 50 minutt. Det er ei perfekt lengd på ei bok, meinte han, og det kan ein godt vere einig i. Eg trur eg las ein stad at Gunnhild Øyehaug hadde sett for seg ein mykje større roman da ho skreiv det som blei «Undis Brekke», men at óg ein kort roman krevjer mykje arbeid, og at store mengder tekst har blitt forkasta undervegs. Kjenner du deg igjen i dette, eller har du hatt eit tydeleg bilde av korleis sluttresultatet skulle bli heile vegen?
– Mitt tydelege bilete av sluttresultatet måtte retusjerast heile tida. Teksten var i fyrste omgang ein lang dialog, mellom to vener som gjekk rundt og røykte under smogen i Bergen. Men venene likna altfor mykje på kvarandre, det heile viste seg å vere ein monolog med dårleg struktur. Så då måtte alt gjerast om. Det var i det heile tatt mykje omskriving og på eit tidspunkt dreiv eg og kutta så mykje at eg trudde eg skulle gå i minus. Men så gjekk det i pluss til sist, så det var jo litt artig.

Publisert
Kategorisert som Intervju