Ei skål for Jan H. Jensen

av Idar Lind

Den tidligare formannen i Trøndersk Forfattarlag, Jan H. Jensen, gjekk bort 10. mai 2013. Han skreiv omkring førti bøker. Med få unntak vart dei gitt ut på Bladkompaniet, eit forlag som var meir kjent for Morgan Kane og Margit Sandemo. Men Jan H. var ein forfattar som vart plassert mellom Aksel Sandemose og Bergljot Hobæk Haff. Ja, det er heilt sant. Og forklaringa kjem.

Jan H. kom til Trondheim rundt 1980 for å bu nær mora. Da hadde han gitt ut sju-åtte bøker med titlar som Mannen fra graven, Hete døgn på Kreta og Døden er stamgjest. Men han hadde òg gitt ut ei novellesamling på Cappelen, Kjære Hjørdis.

Hovudpersonen i tittelnovella, Hjørdis, er ein mann som har ansvaret for rådgivingsspalta Kjære Hjørdis i eit vekeblad. Jan H. hadde sjøl i mange år ansvaret for ei sånn spalte i ungjentebladet Romantikk, Svar oss Sandra. Da det feministiske magasinet Sirene laga ein serie om vekeblad og turen kom til Romantikk, fann dei berre ein einaste ting som dei kunne skrive positivt om. Derfor ville dei ha eit intervju med Sandra. Det fekk dei – mot å lova at dei ikkje avslørte at Sandra var ein gråhåra, skjeggete, mannlig storrøykar.

Det var gode grunnar til å ta vare på illusjonen om at Sandra var ei klok, eldre dame med stor livserfaring. Som den oppdikta Hjørdis, fikk også Sandra brev som handla om alvorlige tema som incest. Minst ein gong kontakta Jan H. ansvarspersonar i nærmiljøet til eit incestoffer i eit forsøk på å gi hjelp.

Jan H. var godhjerta. Snill. Han var velviljen sjøl. Og naiv. Ein gong var det ein person som han knapt nok kjente, som hadde bruk for kausjonist på eit huslån. Og Jan H. skreiv sjølsagt under. Dermed mista han si eiga leiligheit. Men Jan H. hadde mange gode vennar og svirebrør som han kunne overnatte hos, og der han kunne få seg ein krok der det var mulig å sitte og skrive.

Jan H. var produktiv. Og han var allsidig. På syttitalet skreiv han radiosketsjar i lag med Lars Mjøen og Knut Lystad. For dei som ikkje veit kven Mjøen og Lystad er: Seinare vart dei kjente som to av Brødrene Dal.

I lag med tryllekunstnaren Tore Torell skreiv Jan H. manus til den norske spelefilmen 1958. Og film, det hadde Jan H. peiling på. I 1983 var han med på eit lag i spørjekonkurransen Zoom på NRK. Med utprega klisterhjerne var Jan H. tilnærma ufeilbarlig når det gjaldt detaljar i gamle filmar opp til 1960-talet.

Hans eigen skodespelarkarriere trur eg innskrenkar seg til ein reklamefilm for eit trøndersk bakverk. Jan H. og tre andre mannfolk som ikkje heilt såg ut som fotomodellar, stilte opp i engledrakt. Mmm… Himmelsk godt.

Ja, og han var med i ein James Bond-film. Jan H. var venn av den britiske skodespelaren Bernard Lee, han som var den første M, sjefen for spionane. Jan H. var på besøk på settet. Seinare insisterte han bestandig på at i ein undervannsscene er det hans hender som fører ein ubåtmodell gjennom vatnet.

Eg såg eigentlig aldri nokon grunn til å tvile på historiene hans. Jan H. hadde ei merkelig evne til å hamne i situasjonar som kunne ha vore henta frå hans eigne bøker. Det å døy i slummen i Manila føyer seg inn i rekka.

Det er heilt typisk for Jan H. at når han først skulle hamne på sjukhus, så var det på grunn av ein skade under fottur i dei transsylvanske alpane. Ein bieffekt av den skaden var at grundige undersøkingar på Regionsykehuset viste – til stor overrasking for Jan H. sjøl – at levra var heilt i orden.

Sjukehusopphaldet resulterte i humorboka Bak hospitalets murer. Han skreiv nokre av det slaget, humorbøker, sjøl om det meste var krim – og det meste av det igjen handla om Knut Gribb. De to siste prosjekta hans var Knut Gribb-høyrespel for Radioteatret.

Det var elles ikkje uvanlig at Jan H. tok utgangspunkt i eigne erfaringar. Tida som Sandra er eitt eksempel, eit anna er perioden som medarbeidar i nærradiostasjon Radio RV. Den brukte Jan H. som utgangspunkt for ein spenningsbokserie for ungdom, Radio Rød. At det vart berre to bøker, kan ha mange grunnar.

Det er ikkje til å legge skjul på at arbeidsdisiplinen hans vart dårligare på 90-talet – med eitt viktig unntak. I mange år hadde Jan H. fast spalte i UKE-Adressa under namnet «Kassandra». Kvar einaste fredag føremiddag leverte han eit manus som oftast var ein skarp og velformulert kommentar til noko som hadde hendt i veka som gjekk, svært ofte krydra med faktaopplysninga som var henta rett ut av klisterhjernen. Null research. Eg er ganske sikker på at «Kassandra»-spalta var det som heldt Jan H. flytande. Han var rett og slett for pliktoppfyllande til å miste kontrollen. Redaktøren for UKE-Adressa, Siri Wahl Olsen, skreiv nylig at det var berre ein einaste fredag at Jan H. ikkje leverte, og det var da mora hans gjekk bort.

I den mest produktive perioden sin, ti år frå 1981 til 1990, skreiv Jan H. tjuefire bøker. Åtte av dei kom i serien Lykkejegerne frå seglskutetida. Når eg veit kor minimal research han dreiv, er det ubegripelig kor smekkfulle bøkene er av historiske og tekniske detaljar. Men av og til gjekk det over stokk og stein. Som i historia om ein forsikringssvindel, der ei skute blir tømt for last i løpet av ei natt. Tømminga skjer med robåt. Og lasta er støypejernsovnar og flygel.

Men så va det Snuff, spenningsroman frå 1982 om den delen av pornoindustrien som lagar film med ekte drap. Boka vart gitt ut på forlaget Ernst Poleszynski & Co som vanligvis ikkje konsentrerte seg om skjønnlitteratur, men som gav ut bladet Kriminaljournalen som handla om ekte krim. Forfattarkollega Dag Larsen skreiv for det venstreorienterte tidsskriftet Kontrast. Da han ringte forlaget og bad om eit eksemplar fordi han skulle anmelde boka, spurde ein nervøs sekretær: «Er det virkelig nødvendig å anmelde boken til politiet?»

Da Dagbladet i 2009 kåra Norges tjuefem beste kriminalromanar, kom Snuff på tjuetredjeplass, bak Bergljot Hobæk Haffs Renhetens pris, men før Aksel Sandemoses Det svundne er en drøm.

Jan H. var ein god kollega og ein god venn. Og trass i det vi kan kalle ein ustabil livsførsel, var han ein pålitelig lagspelar. Jan H. stilte opp både for vennar og for heilt ukjente – og for Trøndersk Forfattarlag.

Jan H. var ein kultivert og danna mann, men det vil ikkje vera heilt i hans ånd med eitt minutts stillheit. Eg foreslår at dei som røyker tar nokre ekstra djupe drag til hans ære, og at vi som drikk, med eller utan alkohol, tar ein skål eller tre for Jan H. Jensen.

(Minneord under hagefesten ved Adrianstua 25. august 2013.)