Frå no av: Stillheit

Fugletribunalet er ei bok som etterlét deg vuggande ustøtt i stolen, med eit djupt, lokkande hav rundt deg. Boka held fram med å bølgje i kroppen lenge etter at du har lagt henne frå deg. Det var kanskje ikkje det ein hadde venta frå Agnes Ravatn, at ho skulle gi oss ein dirrande nervøs og klaustrofobisk spenningsroman no. Kanskje er det nettopp det som gjer at boka kjennest som eit viktig tilskot til forfattarskapen hennes. Med den nye romanen stadfester Ravatn sin posisjon som ein av dei solide stemmene blant dagens unge norske forfattarar. Vi har snakka med henne om vegen fram dit – og om den klisjéfylte, men ektefølte draumen om å forlate alt.

– Gratulerer med ny bok og så langt glitrande omtalar. Boka er allereie selt til Tyskland, står det i presseskrivet frå Samlaget. Er du klar for å erobre verda?
– 
First we take Radøy Mållag, then we take Berlin. Seks år med heroiske opptredenar i ørsmå forum har endeleg begynt å kaste av seg.

Fortsett å lese «Frå no av: Stillheit»

RE: Spørsmål til ny nettside

Vi mottok nyleg denne vesle boka, der eit utval av Ragnar Hovland sine e-postar til kollegaene i Samlaget i tidsrommet 2000-2009 er samla. Med stor glede las vi gamle nyheiter frå Luster, soga om dei to finansrådgivarane frå Fokus Bank og utvikla mykje empati for den melankolske fråværsassistenten. Vi merka oss dessutan den store testen av norske byar, der Trondheim ikkje uventa knuste Sandefjord på dei fleste område, inkludert kategorien «katedralar» (hah!). Hovlands E-post i utval er ei av bokhaustens små perler. Vi sendte han sjølvsagt ein e-post.

– Med denne samlinga skriv du deg inn i ein slags litterær tradisjon, der den rutineprega kvardagen fører til ei kreativ oppblomstring, eg tenker m.a. på korleis fleire av tekstane til Pessoa i «Uroens bok» spring ut av det grå kontorlandskapet. Kva er det med arbeidsplassen som løyser ut ei slik skrivetrang?
– Her kan eg nok berre svare for min eigen arbeidsplass. Arbeidet der var til dels interessant, men også kjedeleg og rutineprega. Og med til dels interessante og morosame kollegar. Og eg innsåg at eg her hadde eit potensielt publikum på rundt 50 menneske. Noko ein jo elles aldri kan vite når ein skriv. Og det var mange underlege bøker i hyllene og eit vindauge mot verda der ute. Alt i alt svært inspirerande forhold for e-postmonologar.

Fortsett å lese «RE: Spørsmål til ny nettside»

Noe helt annet

IMG_3356Boka startet egentlig som en sang. Forklarer Marit Bolsø Brodersen, forfatter av diktsamlingen Post-it, før opplesningen på årets hagefest. Sangen vokste, ble til en roman. Fire forskjellige utkast. Større og større. Marit holder den lille boka mellom hendene: Så ble den noe helt annet. Den var som et orkesterverk der jeg bygde ut med flere og flere instrumenter, og akkurat idet den siste perkusjonen var på plass… så skjønte jeg at det måtte være a cappella. Og er det ikke ofte sånn det er? Det man lager ender opp med å bli noe helt annet enn det man så for seg? James Joyce skal ha begynt på Ulysses som en av novellene til Dubliners, før ting utviklet seg og, vel, det ene ledet til det andre; Hemingways Den ene mot de mange ble først publisert som to separate fortellinger, for siden å bli spleiset til en (kanskje ikke helt vellykket) roman. Og motsatt: P2-prisvinneren Og været skiftet og det ble sommer og så videre vokste ut fra noen få sider i et mye større manuskript som Pedro Carmona-Alvarez i siste liten fikk stoppet forlaget i å utgi. Eksemplene er mange. Kanskje er det godt ting ikke alltid blir slik man først trodde. I Marit Bolsø Brodersens tilfelle er resultatet uansett blitt en fin diktsamling, der to historier glir inn mot hverandre, smalner på midten og tegner et timeglass. Diktene leses langsomt. Tiden det tar, er vel anvendt.

Fra arkivet: JEGBORHER presenterer (proudly): Kjersti Rorgemoen

rorgemoen_kjersti_largeBokhausten – ein kan vel ikkje akkurat seie at den nærmar seg. Men den finst der like fullt, eit par blad lenger fram på kalenderen. Og inne i dei tilsynelatande fredfulle forlagshusa pågår det akkurat no ein hektisk sluttspurt for å få alle haustmanusa ferdig klipt og vaska før dei skal sendast vidare til produksjon. Kjersti Rorgemoen (f. 1982 i Øyfjell i Vinje) er ei av dei som i desse dagar legg siste hand på debutboka si, «Purkene snudde seg», som kjem ut på Kolon til hausten. Kjersti har tidligare skrive reisebrev for Dag og Tid, og var dessutan ei av jentene bak «Ikke til hjemlån» som kom ut på Samlaget i fjor (og som kan anbefalast, på eit vis). No er ho klar med si eiga novellesamling, og eg, tabloid som eg er, utropar ho allereie til haustens beste debutant. Kom, la oss gå og helse på henne.

Fortsett å lese «Fra arkivet: JEGBORHER presenterer (proudly): Kjersti Rorgemoen»